SMÅBARNSLIVET
Ein dag kjem dagen
då du innser at
alle trassanfalla
alle våkenettene og
alle dei herlege stundene
var sjølve
småbarnslivet
og at den tida
aldri kjem att
og plutseleg
har du så mykje tid ledig
til alt du har ønskt
å gjere så lenge
men så sit du berre der
og saknar å ha ei lita ei
på fanget
R